Statens Vegvesen og Hæhre var på plass for å informere om vegutbygginga over Filefjell på næringsfrukost i Vang onsdag. Dei vart møtt av nesten tretti næringsdrivande med mange spørsmål.
– Vi pressar på det vi kan for at også strekninga Øye–Eidsbru vert prioritert framover, fortalde Harald Stadheim får Statens Vegvesen. Saman med ordføraren opplyste han også om at dei arbeidar med å forlenge parsellen i retning Vang. Vegvesenet er klare for å sende ut anbodspapir så fort pengar kjem på statsbudsjettet.
– Sjølv om det grunna manglande løyvingar ikkje er dialog med grunneigarar på det noverande tidspunkt, er det semje om tiltreding med alle grunneigarar, utan at alle detaljar er spikra, fortalde Stadheim.
Elles vart det informert grundig om status og framdrift for byggeprosjektet oppe på Filefjell, der målet er å ferdigstille asfaltering av mykje ferdig veg allereie i år.
– Kritisk til skilting
På fredag opnar E–16 over Filefjell att etter tre veker stenging. Dette har gått ut over mange næringsdrivande i Vang, og det vart retta fleire kritiske spørsmål kring stenginga.
– Eg skjønar at vegen lyt vera stengt i periodar, men det lyt vera mogleg å skilte skikkeleg. Ikkje berre sette eit stort kryss med stengt ved alle innfartsårer vil Valdres, meinte Rene Berg som driv Bøaflaten Camping.
Vegvesenet understreka at prosessen kring sjølve stenginga denne gongen hadde vore god, men synte forståing for at skiltinga gjekk ut over næringslivet.
Det vart fleire innspel kring dette med skilting, og konklusjonen er at ein ved framtidige stengingar ynskjer ein betre prosess kring skilting. På same tid er det forståing for at det lyt vera stengt i korte periodar.
– Med drift tre månader i året er det kritisk å miste mesteparten av omsetjinga i tre veker, veit du, understreka Berg.
Legg at mykje lokalt
Totalt 250 mann er i arbeid for Hæhre på Filefjell under vegbygginga. Under stenginga no har dei jobba døgnet rundt og lagt ned 12 vekers arbeidsinnsats om ein reknar 40-timers veke.
– Det er synd nokre slit på grunn av stenging og anleggsarbeid, men vi lyt understreke at vi legg igjen mykje i lokalt gjennom innkjøp av varer og tenester, fortalde Trond Simensrud frå Hæhre.
Han håper Hæhre vinn anbodet på fleire av vegprosjekta i Valdres, og ynskte då å eit møte med næringslivet på eit tidleg tidspunkt.
– Vi har fått fantastisk mottaking i Vang og her er positivitet i alle ledd for å få løyst ting. Ein hiv seg rundt og fikser opp, så vi er særs godt nøgd med samarbeid lokalt, understreka han.
Her er oversikta over kva Hæhre har kjøpt lokalt
– Overnatting
– Forpleiing
– Lokalitetar og riggområde
– Røyrlegger/elektrikar og tømrertenester
– Trelast og byggevarar
– Diesel til biler og lastebiler går gjennom lokal stasjon
– Reinhald
– Organisert aktivitets– og fritidstilbod.
– Leiger to-tre lastebiler og to-tre gravarar lokalt
– Leiger mannskap lokalt
– Kjøpt ein god del grus/pukk
– Kjøper verkstadtenester for bilar
– Tungberging
– Nett-leveransar
– Konsumvarer på sports-butikk og dagligvare
– Det dreier seg om mange millionar kroner i lokal omsetning. Vi jobbar no med å sjå på prefabrikkering av tekniske bygg som kanskje kan løysast lokalt, avslutta Simensrud.
Mot slutten av møtet informerte ordførar Eltun om vegprosjekt i Valdres og prioriteringane Valdres-rådet ynskjer å arbeide for. Vidare held han innlegg om kommunedelplan for Tyinkrysset. Innovangsjon ved Hallgrim Rogn informerte om prosessen kring tilsetting av ny næringsutviklar, samt litt om korleis næringslivet kan nytte Innovangsjon best mogleg i tida som kjem.
Næringsfrukostane i Vang vert arrangert som eit samarbeid mellom kommune, Innovangsjon og næringslivet i kommunen.