Tidlegare i vinter gjennomførte Vang kommune i samarbeid med Distriktssenteret ei innbyggjerundersøking om framtidas Vang, eit livskraftig lokalsamfunn. Her skulle alle innbyggjarar få moglegheiten til å seie akkurat kva dei meiner, basert på eigne tankar og erfaringar.
No er resultata frå undersøkinga klare. Totalt 319 personar gjennomførte heile undersøkinga og 128 som svarte på delar av den. Resultata gjev mykje nyttig informasjon om kva innbyggjarane meiner er viktig for å skape livskraftige lokalsamfunn i framtida.
Ein gylden moglegheit
Ordførar Vidar Eltun er svært nøgd med at så mange har engasjert seg i undersøkinga, og fortel at dette var ei gylden moglegheit frå Distriktssenteret til å få sett fokus på kommunen si forståing for, og arbeid med berekraftig utvikling.
- Me har vorte sett av Distriktssenteret og me har sett dei, både via jobb som Innovangsjon har gjort, men også elles i kommunen. Det er viktig å kjenne til kvarande og finne ut kva Distriktsenteret kan bidra med for Vang, og me kan bidra med for dei, seier Eltun.
Han fortel at undersøkinga kan nyttast i kommunalt planarbeid, til debatt i administrasjonen og politiske fora, som eit grunnlag for den vidare utviklinga i Vang.
- Og kanskje aller mest for å få med stemma til flest mogleg innbyggjarar og deltidsinnbyggjarar inn i dette arbeidet. Oppslutninga her i Vang var stor kring denne spørjeundersøkinga, iallfall målt med dei andre kommunane som deltok, seier Eltun.
- Vang har lyst til å vere på og jobbe framtidsretta. Fylkeskommunen er også med på dette og den dialogen er også svært viktig å ha, legg han til.
Brukar tid på å setje seg inn i svara
Etter ei slik omfattande undersøking skal kommuna bruke tid på å setje seg ordentlig inn i svara, og har blant anna invitert Distriktssenteret til kommunestyret for å legge fram fleire av resultata frå undersøkinga.
Eltun fortel at det er komen mange positive moment, blant anna har veldig mange svart at dei svært gjerne vil bu i Vang i framtida, dei set stor pris på naturen og mange vil bidra i frivillig arbeid.
- Så ser ein også at Vang er veldig delt på mange spørsmål, blant anna når det gjeld vidare hytteutbygging, motorferdsel i utmark, forståing av omgrepet bærekraft. Men det syner også noko av styrken til Vang meiner eg. Mangfaldet, seier ordføraren.
Ulike meiningar
Gjennom dei opne svara har kommuna fått mange spennande svar og Eltun seier at mykje av svara var forventa, og at det er ulike meiningar om korleis ein best kan nytte naturen framover for å sikre bærekraft. I tillegg er det utruleg positivt at så mange vil bidra for å få til aktivitet i lokalsamfunnet.
- Så ser ein at ein nokre meiner dei har for lite dei skulle ha sagt i planprosessar, at leiarane i kommunen må gjere enno meir for at alle skal føle seg sett og verdsatt i Vang. Me kan bli betre på mange felt, men alt i alt tolkar eg at dei aller fleste trivst og har det bra i Vang, smiler Eltun.
Vidare no vil kommuna legge ut resultata frå undersøkinga på heimeside og Facebook, i tillegg til å nytte Innovangsjon og aviser for å sprei informasjonen.
- I det vidare planarbeidet til kommunen blir det viktig å sjå til undersøkinga. Og sjølvsagt bør dette kunne nyttast når dei politiske partia skal i gang med nye program fram mot kommunevalet 2023, seier ordføraren.
Du kan lese om resultatet frå innbyggjarundersøkinga på kommunen sin heimeside her.