Også i Vang er det no eit auka behov behov for smittevernutstyr, som til dømes smittefrakkar. No er stoff og mønster på plass, og vi er på jakt etter frivillige med symaskin og syferdigheiter!
Eit par drivne sydamer er allereie i sving, men dette er ei stor oppgåve og vi vil gjerne ha mange frivillige til å bidra. Marit Gjærdingen på Lund arbeidsbase er primus motor for oppdraget, og kontaktperson for dei frivillige.
- Det har vore ei utfordring å få tak i godkjent stoff, men no har vi heldigvis fått dette på plass. Vi klipper stoffet på Lund, og kokar det så det får riktig tettheit. Så sorterer vi det i pakkar til tre og tre frakkar, som dei frivillige kan hente utanfor etter avtale, seier Marit. Ho ønskjer kontakt med frivillige som har symaskin sjølv og kan jobbe heimanfrå, så det blir minst mogeleg oppsamling av folk. Dei ferdige frakkane leverast tilbake i posar på Lund.
Har du ei symaskin og litt eller mykje tid til overs? Vil du bidra i dugnaden for å bekjempe koronapandemien? Ta kontakt med Marit på marit.gjerdingen@vang.kommune.no eller 90 10 66 17! :)