- Eg er nok litt salstypen, og ynskjer oppriktig å skape noko for Vang. Det trigger noko i meg å sjå feltet bli til verkelegheit. Det gjer at eg får endå meir drivkraft til å satse tid og penger på dette prosjektet, smiler Øyvind Leine Thune.
Han er grunneigar og tomteutviklar for det splitter nye bustadfeltet langs Helinvegen, Krøssvøllhaugadn. Interessa for dei unike tomtene har vore stor, og på under eitt år vart heile trinn ein - med seks tomtar, sluttseld.
No er Leine Thune allereie i gang med planane for trinn to, og ynskjer å byggje ut mellom åtte og ti større tomter.
- Eg håpar og trur dei vil bli godkjent innan sommaren eller hausten 2022. Går det i boks, er det berre å gi gass, smiler han.
Ville utnytte heile garden
Prosjektet med Krøssvøllhaugadn byrja å spire og gro allereie tilbake i 2012, då odelsguten Øyvind tok over garden på Thune.
- Eg var veldig opptatt av å utnytte og bruke garden til noko positivt. Med garden fylgjer også fleire beiteområder som ikkje vert nytta til så mykje. Det var vel her den fyrste ideen om boligfelt kom, fortel Leine Thune.
Og akkurat slik vart det. No, ein god del år seinare er Krøssvøllhaugadn på veg til å blomstre og utvikle seg i en heidundranes fart. Interessa for tomtene har vore stor, og Leine Thune meiner noko av suksessen kjem av ein, veldig enkelt ting.
- Tilgjengelegheit. Å ha tomter tilgjengeleg har nok vore ein veldig viktig faktor for å lykkast. Samstundes skal ein jo ikkje skyve utsikt og beliggenhet under stolen, det er jo eit flott område me befinn oss i, smiler han.
- I tillegg handlar det om å tenkje langsiktig, og gje folk som ynskjer å bu i Vang eit mangfold av både tomter og boliger å velje i mellom. Det er slik me når folk og gjer Vang meir attraktivt, legg han til.
- Eg blir oppriktig glad kvar einaste gong nokon melder interesse eller ser til Vang. Folk som byggjer, busett seg og vil til Vang er gull verdt for heile bygda, smiler Leine Thune.
Neste trinn
I byggetrinn to er tanken å legge til rette for mellom åtte og ti nye tomtar, med ca. 1,5 - 2 mål per tomt.
- Det skal vera god plass på tomta, det er viktig. Frihet og god plass har vi nok av i Vang, det skal gjenspeiles på tomtene, seier Leine Thune.
- Allereie har fleire meldt interesse for tomtene i det nye feltet, det er eit veldig godt teikn. No gjeld det berre å halde ballen varm, smiler han.
- Eg har også kontakt med eit snekkerfirma med lang fartstid i Vang, om å sette opp to eller tre nøkkelferdig prospekt, legg han til.
Leine Thune legg ikkje skjul på at han har fått god oppfylging både av kommune og Innovangsjon i prosessen med Krøssvøllhaugadn.
- Kommunen var nok litt skeptiske i starten, men eg har fått god oppfylging i prosessen og vi har eit veldig godt samarbeid. Om eg skulle komme med eit ynskje på sikt, ville det vært å få på plass ein slags ordning med tilskot for dei private husbyggings-initiativa som kjem på banen. Det er kostbart å byggje ut slike felt, seier han.
- Innovangsjon har også vore til stor hjelp og har bidratt heilt frå starten, smiler han.
- No satsar eg på at dei fremtidige planane vert godkjent, og at me kan peise på vidare, smiler Leine Thune.