- For min del er det litt tilfeldigheter som gjer at eg havna akkurat her. Eg var klar for nye utfordringar og hadde lyst på eit nytt eventyr, smiler Vigdis Neby.
Ho er ny oppmålingsingeniør i Vang kommune og kjem opprinneleg frå Vestby. Vigdis har tidlegare arbeida som stikningsingeniør i Fredrikstad, og gler seg no til å ta fatt på nytt og spennande fagfelt!
- Det er mykje å ta innover seg, og det er eit litt breiare fagfelt enn det eg har arbeida med tidligare, så eg har mykje å lære. Heldigvis har eg gode kolleger eg kan rådføre meg med, seier Neby.
No er ho godt innlosjert på Åsvang og gler seg til å utforske meir av fjellbygda ho nettopp har flytta til.
- Eg er veldig glad i å gå på tur. Her om dagen forsøkte eg meg på ein tur opp på Måneberg, men det var nok litt mykje snø endå, så eg endte opp med å krabbe heilt opp. Det blir nok hakket lettare til våren, ler Neby.
Vilde har fått nyoppretta stilling
Og medan Neby inntek kontorplass i teknisk avdeling, har Vilde Larsen frå Drammen fått ei nyoppretta og spennande stilling i kommuna. Ho skal nemleg bygge relasjonar og skape gode møteplasser for dei unge i Vang!
- Eg er tilsatt som prosjektkoordinator for Ung i Vang. Det er ei heilt ny stilling som blant anna skal vera med å gi ungdommen i Vang eit løft, ved å skape inkluderande og meinigsfulle møteplasser, seier Larsen.
- At det er ei heilt ny stilling gjer det jo litt ekstra krevande, men det er jo også positivt, for då kan eg tildels forme stillinga litt sjølv, og det er spennande, smiler ho.
Tidlegare har ho erfaring frå både barnehage og voksenopplæringa. For Vilde stod valget mellom å busette seg i nærleiken av Jotunheimen, eller Spania; valget var sjølvsagt lett.
- Eg er utruleg glad i fjellet, så eg søkte meg målretta til Vang for å komme nærmare alle turmoglegheitene som ligg rundt oss, seier Larsen.
- No er det berre å utforske området, og glede seg til alle turar og toppar som skal bestiges til sommaren, smiler ho.
Varmt velkommen til Vang, Vilde og Vigdis!