I august inviterer Vinjerock lokalbefolkninga og hyttefolket til konsert og fjellturar på Tyinholmen. Ingebjørg Bratland og Vinjerock-favoritt 9 grader nord speler opp i fjellheimen.
- Vi ynskjer å lage ei oppleving som lokkar folk til fjells med oss ei helg i august. Det er allereie så utrulig mange gode aktivitetstilbod, turmoglegheiter og kvalitetssikre serveringsstader i området. Vinjerock legg til ein konsert, og slik ligg alt til rette for ei fin fjellhelg med Vinjerock-stemning i år også, seier festivalsjef Sigrid Skjerdal.
Det blir to konsertar laurdag 8. august, og publikum kan kjøpe billett enten til klokka 14 eller klokka 19. Det blir kun lagt ut 200 billettar til kvar konsert, så det gjeld å vere tidlig ute om ein vil sikre seg ei spesiell musikkoppleving i fjellheimen.
Både Ingebjørg Bratland og 9 grader nord vil spele på begge konsertane, så her treng ein berre bestemme seg for tidspunkt, så får ein med seg heile pakka.
- Dette året har synt oss kor utrulig viktig det er å ha gode samarbeidspartnarar med på laget. Valdres Sparebank, Turistforeningen og Vang kommune med fleir, var med ein gong med på planen om å lage aktivitet her i området i sommar. Vi sender ein stor takk til dei for at vi klarer å gjennomføre dette og skape musikkopplevingar i fjellheimen i år også, seier Skjerdal.
Vinjerock-favorittar på scena
Ingebjørg Bratland er eit kjend namn for mange. Ho vitja sist Vinjerock i 2013 saman med
Odd Nordstoga. Artisten kom med sitt nyaste album Papirfly i januar, så musikken vi får
høyre på Tyinholmen i august er rykande fersk.
- Som alltid er vi inspirert av Aasmund Olavsson Vinje. Difor er vi veldig glade for å få ein telemarking med på laget når Vinjerock legg ut mot målet å skape nye Ferdaminne for sumaren 2020, seier Sigrid Skjerdal.
9 grader nord er også eit velkjend namn for Vinjerockarar. 9 grader nord for ekvator finn ein byen Jaffa i Sri Lanka, der halve bandet frå. Bandet består av søstrene Dipha og Mira Thiruchelvam, Jakob Sønnesyn og Jacob Sisselson Hamre. Musikken deira blandar ei rekke sjangrar, som baila, flamenco, jazz og karnatisk musikk.
- 9 Grader Nord spelte på Vinjerock fyrste gong i 2017. Då hadde vi fått fullstendig bakoversveis av deira konsert på Landmark på Vill Vill Vest hausten før. Dei vart booka til Vinjerock morgonen etter. Siden den gong har dei spelt både på Vinjerock og andre arrangement vi har hatt. Det er alltid like gøy! Energisk, virtuost og kreativt, seier bookingsjef i Vinjerock, John Olav Hovde.
Let publikum lage sitt eiget program
Det blir lagt opp til at publikum skal nytte dagen i fjellet, med turar i eigen regi eller aktivitetar med DNT.
- Publikum lege opp det programmet dei ynskjer sjølv for dagen. Vi kjem vi til å fylle på med informasjon på Facbook-eventen med tips. Det kjem forslag til turar og aktivitetar, og tips om kvar ein kan bestille seg middag eller lunsj. Så i år må publikum gjere meir av planlegginga sjølv, men vi skal hjelpe til så godt vi kan!
DNT vil ha ein tur og eit kurs som vil bli åpent for påmelding. Informasjon om desse kjem i Facebook-hendinga.
Nye rammer i annleis-året
Det er litt fleire ting å ta omsyn til når ein inviterer til konsert i 2020. Difor blir det berre solgt 200 billettar til kvar konsert, og dei som vitjar får tydelig informasjon på billetten om oppmøte og smittevernhensyn.
- Alle som kjøper billett får eit tidspunkt for innslepp på Tyinholmen, for å hindre at det kjem for mange på ein gong. Det blir ein klassisk sitt-ned-konsert, der vi merkar av avstand i mellom grupper. Vi kjem til å setje ut antibac ved inngangar og utgangar, og ha vakter på staden som passar på at vi klarer å overhalde alle sikkerheitsreglar. Men vi er sikre på at dette kjem til å gå bra, publikum byrjar å bli veldig gode på å ta
hensyn til smittevern, seier festivalsjefen.
Det blir ikkje servering under konserten, men det blir mogleg å kjøpe seg mat og noko godt attåt på Tyinholmen, Tyinkrysset og Fondsbu før og etter. Dei oppfordrar også til førehandsbestilling, for å syte for at dei som ynskjer servering får plass.
Billettane til konsertane er ute frå fredag 3. juli klokka 12.00.
19.00-konserten vil også bli sendt på stream, så her skal alle få med seg hendinga.