Innovangsjon SA står bak nettsida vangivaldres.no.
Innovangsjon såg dagens lys i 2011 i kjølvatnet av miljøet kring festivalen Vinjerock som vert arrangert på Eidsbugarden i Vang.
Ein god gjeng med unge og eldre ungdom var særs motivert for å forme si eiga framtid. Valdres Sparebank og Vinjerock gjekk inn på eigarsida, mens kommunestyret i Vang gjekk inn med støtte til drifta i løpet av hausten.
Heile satsinga vart sparka i gang med ein «Innovangsjonsdag» i september 2011.
Grunntanken med heile Innovangsjon er å skru Vang til det vesle ekstra kneppet som gjer at både folk, bedrifter og gjester finn det dei er ute etter her.
Arbeidsplassar
Har du tankar om å starte bedrift? Vil du behalde noverande arbeid, men bu og leve i Vang? Er du ute etter å vidareutvikle bedrifta di? Eller ser du berre etter arbeid? Ta kontakt med Vang Kommune
Bustad
Vi følgjer marknaden for kjøp, sal, tomter og utleige av bustader i Vang tett. Alt dette finn du informasjon om her på sidene.
Ved siden av dette er nybygging av bustader eit naturleg fokusområde for Innovangsjon. Her er vi avhengige av å spele på lag med entreprenørar, kommune og sjølvsagt privatpersonar som ynskjer ein moderne bustad i Vang. Mange gode prosjekt har vorte realisert i Vang dei siste åra, og fleire prosjekt er i startgropa.
Møteplassar
For at eit lokalmiljø skal fungere er ein avhengig av dei gode møteplassane. Heldigvis har vi eit levande lag- og foreiningsliv i Vang som skapar desse møteplassane.
I tillegg ynskjer Innovangsjon å skape nokre heilt opne møteplassar. Difor arrangerast «Fredagskos» nokre fredagar i året. Arrangementet flytt seg rundt frå plass til plass, og ved siden av god mat, står som regel ein liten quiz og mykje prat på programmet.
Kontaktinfo
post@vangivaldres.no
Styret
- Endre Vik - styreleiar
- Arnfinn Helge Kvam - styremedlem
- Eirik Rogn - styremedlem
- Hallgrim Rogn - styremedlem
- Lise Lajord Munk - styremedlem