Det er høgt tempo og mange lokale og engasjerte aktørar på bustadmarknaden i Vang for tida. Nokre tilbyr nøkkelferdig, ariktektteikna og enkelt. Andre tilbyr fyrst og fremst flotte tomter der du kan finne fram til din eigen draumebustad.
Her kjappguiden fram mot bustadraumen i Vang. For kjappguiden til Vang er det berre å surfe rundt her på sida eller facebooksida vår, finne #vangivaldres på Instagram eller berre ta ein tur hit.
Bildetittel: Det er høgt nivå på både tomtene, dei nøkkelferdige prosjekta og dagleglivet i Vang. Her er utsyn frå ein nybygd bustad i feltet på Hensåsen.
Dette kan du velje mellom
Fjellheim panorama
Med rå utsikt og sentral beliggenheit er Fjellheim panorama ovanfor Mjøsvang eit spanande område under utvikling i sentrum av Vang.
Kort om konseptet: Seks nøkkelferdige tomannsbustader. Fire einebustadtomter der to er tinga bort. Meir her.
Klukkargrende
På ei roleg høgde i Vang sentrum med nærleik til både skule og natur ligg det nye bustadområdet Klukkargrende med sal av det gode liv og nøkkelferdige hus.
Kort om konseptet: Nøkkelferdige, arkitektteikna einebustader i to storleiker med felles parsellhage.
Fire av åtte einingar tinga vekk. Meir på klukkargrende.no eller NRK.no.
Krøsvølhaugadn
Langs Helinvegen i Vang sentrum er det like kort til fjells som til sentrum og her er det seld seks utsiktstomter på kort tid.
Kort om konseptet: Frittliggjande einebustadtomter der trinn 1 og 2 er sluttseld, med eit siste trinn med åtte tomter kjem på markanden i løpet av året. Meir på vangivaldres.no
Føsselie i Ryfoss
Ryfoss er midt i smøraugaet for arbeidsmarknaden i heile Øvre Valdres og byr på eit levande sentrum og eit heilt nytt bustadfelt.
Kort om konseptet: 21 grovplanerte og lettbygde tomter frå 09,-1,4 mål med tilgang til vatn, avløp, straum og fiber. Meir på føsselie.no.
Heensåsen
Utsikt og soltilhøve er av aller beste slag i det nye feltet med 2-2,5 mål store tomter på Hensåsen der fem hus er sett opp dei siste åra.
Kort om konseptet: Store natur- og utsiktstomter. Tre ledige. Meir her.
Steintræet
I rett line ovanfor Vang sentrum «Steintræet» byggefelt der kommunen tilbyr rimelege tomter tett på «alt».
Kort om konseptet: Bygggjefelt med seks ledige tomter på omlag 1,5 mål. Meir her.
Det er også att kommunale gratistomter på Åsvang (2stk), Bøaflata (1 stk) - her er det berre påkopling til vatn, kloakk og straum ein lyt betale. Ein forpliktar seg også til å gå i gang med byggearbeidet i løpet av to år etter at ein har fått tomta.

Gjengen bak Fjellheim Panorama. Frank Thune er kontaktpunkt: frankthune@gmail.com // 992 67 364

Marit Nystuen hjå Privatmegleren Valdres er kontaktpunkt for Føsselie i Ryfoss. marit.nystuen@privatmegleren.no // 902 13 505

Klukkargrende i Vang sentrum kontaktar du Jan Egil Jægersborg for å avtale framsyning av. egiljae@gmail.com // 971 09 914

Øyvind Leine Thune oppmodar folk å ta seg ein rusletur i Krøsvøllhaugadn. Øyvind blir med om du kontaktar han. oyvindthune@hotmail.com // 977 52 887

Næringsutviklar i Innovangsjon Dag Inge Bruflot svarar på smått og stort om Vang og tek i mot interessentar til visningshelga i september. daginge@vangivaldres.no // 958 73 757