Reportasje

Handelskampanjen Vang byggjer Vang

Legg at kroner hjå dei næringsdrivande i Vang - sikre deg eit tilbod i framtida, varer av beste kvalitet og eit Vangsminne for livet. 



– Dette er tida for å handle! Anten det er snakk om mat, opplevingar, ferie eller varer, har vi eit solid utval i bygda som både vi vangsjgjeldingar og hytteeigarar kan nytte i endå større grad, seier ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Difor har kommunen i lag med eit samla næringsliv, engasjerte hytte-eigarar og Innovangsjon drege i gang ei lokal handelskampanje.

– I korte trekk går kampanjen ut på å gjennomføre 15 større handlar hjå lokale bedrifter i løpet av 2020. For dette får du litt ulike ting alt ettersom kvar du har brukt pengane, mens hovudpremien er ein kaffikopp produsert i begrensa opplag.

– I korte trekk går kampanjen ut på å gjennomføre 15 større handlar hjå lokale bedrifter i løpet av 2020.

Kampanjereglar

For å lande koppen lyt du gjennomføre 15 kjøp hjå næringsdrivande i Vang (vi tel ikkje med ordinær daglegvarehandel. Lokalmathandel i daglegvarebutikk er med). Det er også nokre underkategoriar som sikrar meir innhald i koppen.

Fem kjøp - Lokalmat eller lokalt design/handverk  – Valdres-pin
Fem kjøp - Varehandel inkludert bygghandel, hytte, frisør, velvære, sport – Vang-pin
Fem kjøp - Restaurant, kafe, overnatting og opplevingar  –  Bonuskopp Valdres Sparebank

Registrer 15 kjøp her 

Du kan dokumentere med lenker til sosiale medium, opplasting av produktbilete eller kvitteringar - eller gjennom fritekst. Vi stoler på deg! Alternativt sender du ein e-post til hallgrim@vangivaldres.no med dokumentasjon.

Kampanjen varer ut 2020 og vi oppmodar samstundes alle som deler foto på Instagram om å nytje #vangivaldres.


Hytte-eigar og initiativtakar Øystein Vangsnes

 

Eksempel på oppdrag 
  • Skifte ut dører og vindauge
  • Rehabilitere torvtak
  • Måling og beising
  • Trefelling og skogrydding
  • Generelt vedlikehald
  • Ved for neste vinter
  • Innreiing og interiør
  • Plassbygd kjøkken 
  • Grusing og helle-legging
  • Platting
  • Takstige
Småjobbar i hytte og hus

I forkant av handelskampanjen har hytte-eigarar i Vang engasjert seg for å bidra til at loklat næringsliv held hjula i gang.

– Dette er tida for å leggje inn bestilling på smått og stort på hytta og eg håper flest mogleg blir med på denne kampanjen for å sikre arbeid til dei lokale fagfolka i Vang, fortel Øystein Vangsnes. 

Han er hytte-eigaren som drog i gang ein innsamlingsaksjon til lokale butikkar i påska og han ynskjer som mange andre fritidsbrukarar av Vang å bidra til utvikling av både området og lokale bedrifter. 

Registrer oppdraget her 

Dette er ein klassisk vinn-vinn-situasjon der vi både kan få fiksa det vi har tenkt på i lang tid og sikre at bedriftene vi er avhengige av som hytte-eigarar overlev denne krisa!

Legg att forespørsel her så får du tilbod frå 1-3 relevante, lokale og dyktige tilbydarar i løpet av to veker.

Nybygg og renovering

For større byggjeprosjekt oppfordrar vi til å gå i direkte kontakt  med eit eller fleire av handverksbedriftane i Vang. 

Fullstendig oversikt over bedrifter i Vang finn du her.

Du kan også sende forespørsel om oppdrag rett til hallgrim@vangivaldres.no som koordinerar opplegget.