Hjå Intersport Filefjell, Tindulf Hyttebutikk eller Saras Mat kan du no hente ut patriotkoppen etter at 15 handlar er gjennomført.
Framsida Aktuelt Vang byggjer Vang

Vang byggjer Vang

Gjennomfør femten handlar hjå lokale aktørar i Vang gjennom året - sikre deg patriotkoppen produsert i eit begrensa opplag på 100 stk. 



Send ein e-post til post@vangivaldres.no der du går god for kjøpa - så får du bekreftelse attenden på e-post og kan hente ut koppen hjå ein av desse tre:

Har du i tillegg lyst på Vang-pin, Valdres-pin eller Valdres-kopp kan du sikte deg inn på dette:

Fem kjøp - Lokalmat eller lokalt design/handverk  – Valdres-pin
Fem kjøp - Varehandel inkludert bygghandel, hytte, frisør, velvære, sport – Vang-pin
Fem kjøp - Restaurant, kafe, overnatting og opplevingar  –  Bonuskopp Valdres Sparebank (hentast hjå banken - Vang sentrum)

Kampanjen varer ut 2020 og vi oppmodar samstundes alle som deler foto på Instagram om å nytje #vangivaldres.
 Daglegvarehandel tel ikkje, men det gjer lokalmathandel i daglegvarebutikk.

Det er Innovangsjon i lag med eit samla næringsliv, engasjerte hytte-eigarar og ei framoverlendt kommune som står bak kampanjen.

Vi står saman for Vang

Vidar Eltun
Vidar Eltun

Vidar Eltun - lærar, humorist og fotballfantast. Jobber som bedriftsutvikler for Valdres næringshage.

#vangivaldres

Denne kampanjen er eit direkte resultat av koronasituasjonen og eit felles bidrag frå alle som brenn for Vang om å halde omsetning og aktivitet i gang for små og større bedrifter i Vang. Del gjerne foto av opplevingar, handlar, produkt og folk i Vang på Instagram med #vangivaldres.