Hålien øvst i Høresbygde har støl ved austenden av Bygdin og har dyra på beite omlag halve året.
Dyra i mjølkeproduksjonen går stort sett på utmarksbeite med høgt biologisk mangfald. Kraftforet i bruk på Hålien inneheld korkje soya eller palmeolje.
På sikt vert det produksjon av ost og andre meiriprodukt frå Hålien - fyrst i rekkja kjem ein snasen «Håloumi»
Når kalvar eller kyr går til slakt vert det skjært ned hjå Reboli, merka godt og pakka i boksar på om lag 10 kilo som Björn sel direkte til forbrukar.
Prisen er omlag 200 kr/kiloen.