Garden Nørre Sveji ligg 600 moh. i fjellbygda Øye, Vang i Valdres.
Garden har lang tradisjon med sauehald og blir i dag dreven av
Kjell Gudmund Svien med familie.
Det er dei friske og frodige fjellbeita kring Tyin – Øyangen – Målnes
1450 moh, ved inngangsporten til Jotunheimen, som gjev eit unikt
grunnlag for beite. Her får sauen tilgang til nytt gras heile sumaren.
Unge friske planter er smakfulle og proteinrike, samstundes som dei
har ein gunstig samansetning av Omega - 3 feittsyrer.
Dette er med på å gjera Tyinlam ekstra kjøtfulle, med den beste smak og mørheit.
Difor slagordet «ekta gøtt beite – grepa gøtt kjøt»