Næringsstipend, næringsfond og næringsutviklar er på plass for å hjelpe bedrifter og enkeltpersonforetak opp og fram.
Vang har lange tradisjonar innanfor jordbruk, handverk og reiseliv – med mange solide bedriftar og spenstige satsingar dei siste åra. I tillegg satsar ein knallhardt på teknologi og kultur i gründerkommunen Vang.
Fyrst av alt - har du ein ide, dårleg eller god, ta kontakt med næringsutvikleren i Vang kommune.
Næringsstipend
Vinteren 2015 oppretta Vang kommune eit eige næringsstipend på 10.000 kroner til gründarar i bygda. I det du startar opp bedrift, ta gjerne kontakt med Dag Inge før du sender søknaden. Kanskje kan ein saman finne fleire stader å søkje om støtte.
Elles gjeld dette:
- Søkjar lyt vera folkeregistrert i Vang kommune.
- Det lyt leggjast ved dokumentasjon på at føretaket er starta opp.
- Det vert kun utbetalt stipend til fyrstegongsoppstart av næringsverksemd.
- Formannskapet behandlar søknader om tilskot. Rådmannen har fullmakt til å vurdere om vilkår for utbetaling av tilskot ligg føre.
Her finn du søknadsskjema for næringsstipendet. Saksframlegg og vedtak frå kommunestyret, ligg her.
Næringsfond
Frå januar 2016 er eit næringsfond på ein million årleg verksamt for bedrifter i Vang. Har bedrifta planer som går ut over drift og vedlikehald er det mest truleg lurt å stille ein søknad til fondet. Ein kan søkje fortløpande, og formannskapet i Vang tek stilling til søknaden. Eit viktig moment er at søknaden skal drøftast med næringsutviklar i Innovangsjon før han vert sendt til formannskapet, samt at ein lyt søkje før ein set i gang prosjektet.
Relevante dokument:
Kontorplassar og næringsareal
I Vang er det to kontorfellesskap med kvar sin profil. Synshagen næringspark har IT, byggjefirma, elektrofirma, rekneskapskontor og entrepenørar i sine rekker. På Kontorfellesskapet 1724 finn du små og større kultur– og teknologi–bedrifter.
Det er elles mykje regulert næringsareal i heile kommunen - ta kontakt med Vang kommune