TK Totalbygg leverer alt innan tømmer og betong til kundar i Vang og Valdres. Bedrifta har eit solid rykte og oppdragsmengda er no såpass stor at det trengs ein ny arbeidsformann.
Ein vert i praksis dagleg leiar si høgre hand, og kjem til å halde i alt frå små og store byggeprosjekt til kundekontakt og vanleg tømrararbeid.
Det vert lagt til rette for både kurs og vidareutdanning om den rette formannen dukkar opp.
Oppgåver
- Leie byggeprosjekt, både små og store
- Vanleg tømrararbeid
- Organiseringa byggeplass
- Materiallogistikk
- HMS - vernerundar
- Byggemøter
- Administrering av dei prosjekta ein leiar
Kvalifikasjonar
- Minst fagbrev, eventuelt lang relevant praksis
- Førarkort klasse B
- Norsk skriftleg og munnleg, samt engelsk munnleg.
- Noko datakunnskap
Lønn etter avtale.
Verkar dette interessant? Ta kontakt med dagleg leiar Tom Kjetil Tørstad: tomkjetil@tktotalbygg.no // 99009484
Enkel søknad og CV sender du same stad.
Søknadar vert vurdert fortølpande. Siste frist 12. februar.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!