Frist utløpt

Om stillinga

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som arealplanleggar ved etat for Landbruk og teknisk. Me ynskjer deg velkommen til ei spennande stilling med interessante og tverrfaglege oppgåver i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø, i vakre Vang i Valdres!

Som arealplanleggar vil du samarbeide med politikarar, næringsliv, utbyggarar, innbyggarar og andre offentlege aktørar som har oppgåver innan arealforvaltning.

Me tilbyr:

  • Løn etter avtale
  • Spennande, utviklande og svært variert arbeid
  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Me kan hjelpe til med å ordne bustad
  • Gode pensjons - og forsikringsvilkår
  • I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsa)

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide kommuneplanens arealdel, reguleringsplaner og andre tematiske planer
    innanfor fagområdet
  • Rettleie, kvalitetssikre og saksbehandle private reguleringsplaner for politisk behandling
  • Førebu og leggje fram saker for politiske utval
  • Framskaffe beslutningsgrunnlag for politikarar
  • Ajourføre digitalt planregister
  • Behandle søknadar om dispensasjon
  • Generell informasjon og publikumskontakt
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Erfaring frå arbeid i forvaltninga vil bli tillagt vekt 
  • God kjennskap til lov- og avtaleverk for arealforvaltning, forvaltningslova og anna relevant lovverk
  • Gode datakunnskapar, ynskjeleg med kompetanse innan geografiske informasjonssystem (GIS)
  • God evne til utrednings- og analysearbeid
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Inneha sertifikat klasse B og disponere eigen bil
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Likar utfordringar
  • Har god gjennomføringsevne
  • Har god samfunnsforståing og interesse for samfunnsutvikling
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er fleksibel og kan takle ein krevjande arbeidskvardag
  • Kan handtere interessekonflikter som kan oppstå i samband med arbeidet /er god på rolleforståelse
  • Er engasjert, ansvarsbevisst og serviceorientert

Andre vilkår:

  • Vang kommune har nynorsk som målform.
  • Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
  • Bilgodtgjersle etter statens reiseregulativ.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24