Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved ein av våre basar i Tilrettelagte tenester, med oppstart etter avtale.
Stillinga som avdelingsleiar er delt mellom administrativ tid og brukarretta arbeid i turnus ved Base Nord, bufellesskap Grindatun. Det ligg òg ansvar for nokre andre tenester inn under basen.
Avdelingsleiar er ein del av avdelingsleiargruppa i Tilrettelagte tenester.
Arbeidsoppgåver
- Utøve personalleiing og - administrasjon - pt. ca 50 % administrativ stilling
- Brukerretta arbeid i turnus, med arbeid kvar 3 helg.
- Utøve fagleg, administrativ og økonomisk leiing
- Utøve målretta miljøarbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar eller anna relevant 3-årig helse- og/eller sosialfagleg utdanning
- Utdanning og/eller erfaring innan administrasjon og leiing er ynskjeleg
- Teoretisk og praktisk kunnskap om ulike faglege tilnærmingar og metodar
- Mestre målarbeid og evaluering
- Gjerne erfaring frå budsjett og økonomisk arbeid
- Gode ferdigheter innan IKT, bruk av elektronisk pasientjournal, elektronisk personaladministrasjon og arbeid med turnus
- Gode norskkunnskapar og god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort kl. B og disponera bil
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsferdigheiter
- Evne å arbeide sjølvstendig
- Fleksibel, løysingsorientert og positiv
- Stabil, god ordenssans og sjølvinnsikt
Personleg eignaheit vert vektlagt
Gyldig politiattest skal leverast ved oppstart
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med godt fagleg fokus og tett samarbeid med både kollegaer og tilsette, samt eit godt samarbeid med tenestemottakarar og føresette/verger
- Løn etter avtale og etter kommuen sitt løns -og stillingsregulativ
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
- Kommunen kan vere behjelpeleg med bustad
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!