Vang kommune i Valdres har ledig 100 % fast stilling som bibliotekar/bibliotekmedarbeidar.
Vang folkebibliotek, som held til på Vangstunet i Vang sentrum, er ei avdeling i etat for utdanning og kultur og har ca. 2 årsverk. Biblioteket har lyse og flotte lokale, og er ein aktiv kulturinstitusjon i kommunen.
Biblioteket ynskjer å ha ei aktiv samfunnsrolle, og driv brei formidlingsaktivitet. Vi har godt samarbeid med ulike institusjonar, frivillige organisasjonar og har eit regionalt samarbeid med biblioteka i Valdres. Det siste året har vi m.a. hatt barnehagebesøk, høgtlesing på aldersheim, festivalbibliotek på Vinjerock og i tett samarbeid med skulen og skulebiblioteket arrangert 3 veker litteraturfestival for 1.-10. klasse og barnebokbad.
Vang frivilligsentral er samlokalisert med biblioteket. Saman tilbyr vi mange ulike arrangement som digikafe, språkkafe, kviss, kreative verkstad og konsertar m.m.
Arbeidsoppgåver
I denne stillinga skal du mellom anna:
- ha faste skrankevakter med vanleg publikumsarbeid, også kveld og helg (kvar 3-laurdag)
- formidle litteratur både i og utanfor det fysiske biblioteket
- vere med å halde biblioteket sine samlingar allsidige og aktuelle
- samarbeide og samskape med innbyggarar, lag og foreiningar
- delta i arbeidet med å utvikle biblioteket til ein attraktiv og inkluderande stad å vere
- vere med på å marknadsføre biblioteket i sosiale media
- katalogisere m.m., dersom du har bibliotekutdanning
Kvalifikasjonar
Du som skal jobbe hjå oss
- er levande oppteken av litteratur og formidling
- har gjerne relevant utdanning
- har gjerne erfaring med bibliotekarbeid
- har interesse for litteratur og biblotekarbeid
- har god digital kompetanse
- har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg tilsvarande minimum B2
Personlege eigenskapar
Vi ønsker ein kollega med godt humør, kreativitet og lyst til å utvikle bibliotektenester for og med innbyggarane i Vang. Du har gode samarbeidsevner, er allsidig og glad i folk. Du bør vere komfortabel med å snakke i forsamlingar. Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga blir vektlagt.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø
- arbeidstid i arbeidsplan som omfattar kveldsvakter og laurdagsvakter. Ein må også rekne med noko arbeid på kveld i samband med arrangement
- løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Vang kommune nyttar nynorsk som målform
Tilsetting skjer på gjeldande vilkår i kommunal sektor
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!