Frist utløpt

Det er ledig 8 % fast stilling ved Vang frivilligsentral, med tiltreding snarast. BUA-medarbeidaren vil få ansvar for utstyrssentralen vår, BUA Vang. Ansvaret inneber å administrere den daglege drifta, drive vedlikehald av utstyret, og skape aktivitetar med aktuelle målgrupper. BUA låner i hovudsak ut friluftsutstyr, og har pr i dag ope tysdagar og torsdagar kl 15-16. BUA nyttar eit digitalt utlånssystem levert frå BUA sentralt.  

Vang frivilligsentral er samlokalisert med Vang folkebibliotek på Vangstunet, i sentrum av kommunen. Frivilligsentralen administrerer mellom anna BUA Vang, som ligg i eit eige bygg 100 meter unna. Frivilligsentralen skal stimulere til frivillig innsats, skape opne møteplassar for befolkninga, og vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor. Frivilligsentralen jobbar med ei rekke satsingsområde innan kultur, folkehelse og inkludering, etter visjonen ‘Saman skapar vi eit godt og inkluderande lokalsamfunn’.  

Arbeidsoppgåver

 

  • Ansvar for utstyrssentralen BUA
  • Administrere dagleg drift (pt tysdagar og torsdagar kl.15-16)
  • Vedlikehald av utstyr
  • Skape aktivitetar

Kvalifikasjonar

 

Me ynskjer at du:

  • har praktisk sans og kjennskap til friluftsliv og turutstyr 
  • er positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert  
  • er løysingsorientert, og trivast med å arbeide sjølvstendig  
  • er strukturert og ryddig 
  • har gode IKT-kunnskapar  
  • er glad i å prate med menneske, og evnar å formidle til mange ulike målgrupper 
  • pratar norsk, engelsk og gjerne også ukrainsk og/eller andre språk som er sterkt representert i Vang 

Gyldig politiattest må leverast før oppstart

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette 
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Driftsoperatør vatn og avløp - 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 08. sep 2024
Les mer om stillingen Driftsoperatør vatn og avløp - 100 % fast stilling

Medarbeidar Vang legekontor - Inntil 60 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 11. sep 2024
Les mer om stillingen Medarbeidar Vang legekontor - Inntil 60 % fast stilling

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24