Frist utløpt

Vang kommune har frå 1.februar 2020 ledig ei 18,85 % stilling i Kulturskulen.

Stillinga er per no delt mellom desse oppgåvene, men dette kan bli mogleg bli endra ved tilsetjing.

Dirigent Vangskoret i 15,39 % stilling. Vangskoret har som mål

  • Å skape interesse for god korsong
  • Å arbeide for musikalsk utvikling
  • Å skape eit inkluderande og godt sosialt miljø
  • Å vera eit godt kulturtilbod i lokalmiljøet
  • Å utvikle gleda ved song saman med andre

Me søkjer ein dirigent som kan leie koret i arbeidet mot dette målet, og som også vil arbeide for rekruttering av yngre medlemmer. Vangskoret øvar på torsdagar p.t.

Piano-akkompagnement  i 3,85 % stilling på Vangsheimen på måndagar.

Kvalifikasjonar
  • Relevant 3 årig høgskuleutdanning
  • Søkjarar utan formalkompetanse, men med god realkompetanse kan vurderast
  • Gode samarbeidsevner

Personlig eignaheit vil bli vektlagt

Me tilbyr
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

NB: Stillinga kan gjerne kombinerast med utlyst stilling som kantor ved Vang kyrkjelege fellesråd. Me oppmoda derfor interesserte til å søkje på begge stillingane.

Nærare opplysningar om stillinga kan gjevast av kulturskulerektor Oddbjørn Skeie tlf. 61 36 94 23.

Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no. Søknad skal merkast med arkivsak nr. 19/760

Søknadsfrist: Søndag 17.november 2019

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24