Dirigent Vang skule - og ungdomskorps/korps i skulen - 30,78 % fast stilling.
Om stillinga
Vang kommune har frå 01.08.23 ledig 30,78 % fast stilling i Kulturskulen.
Vang kulturskule søker etter ein ressursperson til å byggje opp Vang skule – og ungdomskorps. Vi ønsker ein person med korpsbakgrunn som gjerne har messinginstrument som sitt fagområde.
Vang skule -og ungdomskorps har dei siste åra hatt eit godt samarbeid med Vang barne- og ungdomsskule om prosjektet Korps i skulen. Her har skulekorpset/kulturskulen serva ein lærar i tillegg til at grunnskulen har stilt med ein lærar. Våren 2023 har vi hatt eit samarbeid med korpsnett.no ved Jan Erik Helleren, og fått eit positivt løft i lys av dette. Dette ønsker vi å byggje vidare på.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!