Frist utløpt

Om stillinga

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som driftsoperatør vatn og avløp, ved Landbruk og teknisk etat. Det er ynskjeleg med snarleg tiltreding.

Vang kommune har 4 avløpsanlegg og 7 vassverk med tilhøyrande leidningsnett og pumpestasjonar. Anlegga betener fritidsbustader, faste bustader, næring og kommunale bygg som skule og barnehage.
Dei siste åra har kommunen investert betydelege beløp i nye anlegg. Byggeaktiviteten vil også vera stor i dei kommande åra.
Kommunen nyttar digitale løysningar innanfor GIS, driftsovervaking, avviksrapportering og internkontroll.
I avdeling for vatn og avløp er det 3 driftsoperatørar, ein ingeniør samt avdelingsleiar vatn og avløp. Stillinga er underlagt avdelingsleiar vatn og avløp. 

Arbeidsoppgåver

  • Service og reparasjonar på anlegg for vatn og avløp
  • Delta i den daglige drifta saman med dei andre driftsoperatørane
  • Delta i den til ei kvar tid gjeldande vaktordninga


Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga. 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev (primært innan elektrofag)
  • Ynskjeleg med 5-10 års erfaring (primært elektrofag) 
  • Driftsoperatørkurs eller anna praktisk erfaring innan drift og vedlikehald av vatn og avløpsanlegg er ein fordel
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy er nødvendig
  • Gode samarbeidsevner, og evner til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B (E)

Personlege eigenskapar

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Om den som blir tilsett ikkje har godkjent utdanning som driftsoperatør, må vedkomande vera villig til å ta kurs for driftsoperatørar.

Me tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø, utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å skaffe bustad ved behov
  • Fleksibel arbeidstidsordning

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24