Driftstilskot for fysioterapeut Vang kommune har frå 01.september 2017 ledig 60 % fast driftstilskot for fysioterapeut.
Me kan tilby f.t gunstig leigeavtale ved Vang fysikalske institutt, der to andre fysioterapeutar også held til.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Erfaring frå barnefysioterapi
- Gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Personlig eignaheit vil verte vektlagt
I likestillingsøyemed er kvinner oppmoda til å søkje. Heimelen krev politiattest. Driftsavtalen regulerast av den til einkvar tid gjeldande ASA 4313. Nærare opplysning om heimelen får du ved å ta kontakt med fysioterapeut Bjørg Olimb tlf. 99 73 42 59 eller personalkonsulent Solfrid Jordalen tlf. 61 36 94 18.
Søknad merka arkivsak nr. 17/598 sendast elektronisk via heimesida www.vang.kommune.no
Søknadsfrist søndag 16. juli 2017
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!