Frist utløpt

Eit verv i Vinjestaben er frivillig. Du går inn i ein stab rett i overkant av 30 gruppeleiarar som jobbar heile året med å førebu Vinjerock. I løpet av året har staben fire faglege og sosiale samlingar. Som stabsmedlem får du ta med deg ein gjest gratis, samt tilgang til å kjøpe to festivalpass til venner og andre godar. Ikkje minst får du vere med å forme korleis Vinjerock skal vere i framtida og ta del i eit skikkelig triveleg og godt fellesskap

Er du vår nye mangfaldssjef?

Vinjerock skal vere ein stad kor alle skal kjenne at dei høyrer til, difor har me ein eigen mangfaldssjef som jobbar med å mellom anna tilrettelegge festivalen for mennesker som lever med en funksjonsnedsetting, samt inkludere lokale ungdommar og bebuarar på mottaket i Vang. Som mangfaldssjef i Vinjerock har ein mykje rom for sjølvstende - det betyr at ein tek initiativ og leiar prosjekta i stor grad sjølv. Det gjev mykje rom for å teste ut og leike med nye konsept. Samstundes er ein ein del av vertskapsgruppa, og jobbar opp mot dei aller fleste i Vinjestaben på eit eller anna vis. Ein har difor mange å støtte seg på og kaste ball med.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at Vinjerock har god informasjon om tilrettelegging tilgjengeleg for publikum og vere eit kontaktpunkt for mennesker som har behov for tilrettelegging
  • Rekruttere og fylgje opp ungdommar frå Valdres og bebuarar på Vang mottakssenter som ynskjer å delta som frivillig i forkant, under og etter festival
  • Drive Vinjerock sitt mangfaldsprosjekt framover i samarbeid med resten av staben
  • Sikre god dokumentasjon frå dei ulike prosjekta
  • Rekruttere frivillige til prosjekta

Eigenskaper 

  • God på kommunikasjon, både norsk og engelsk
  • Du er sjølvstendig, løysningsorientert og fleksibel
  • God på å organisere og liker å ha mange baller i lufta samtidig
  • Du brenn for mangfald og inkludering

Er du busett i Valdres oppmodar me deg særleg om å sende oss ein søknad. 

Spørsmål? Send til guro.furunes@vinjerock.no

Har du lyst til å vere mangfaldssjef på Vinjerock? Sendt ein kort (mindre enn A4) tekst om deg sjølv og fortel oss kva erfaringar du har til guro.furunes@vinjerock.no

307144077 10162433063558973 4166299766852748216 N

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24