Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som etatsjef for områda innan samfunnsutvikling, herunder blant anna; teknisk, plan, miljø og landbruk.
Etatsjef inngår i rådmannen sitt leiarteam og rapporterar direkte til rådmannen. Leiarteamet arbeider i fellesskap med forsvarleg forvaltning og berekraftig utvikling av kommunen. Kommunen søkjer difor ein positiv person med gode samarbeidsevner, som ser samfunnsutvikling i eit heilskapeleg perspektiv.
Kvifor Vang?
Gjennom jobben som etatsleiar i Vang får du aktivt utvikle lokalsamfunnet i lag med ein framoverlent administrasjon, samstundes som du lev tett på både bygd og natur i ei fjellbygd av aller beste merke.
Sjå berre kva kvardagen i Vang kan vera, eller på noko av det som har skjedd her i det siste. Ellers er du tett på bygda på Facebook og tett på naturen på Instagram
Og er du berre litt interessert i uteliv og aktivitet, er leikegrinda aldri større enn her i Vang.
Vang er ellers heimen til fjellfestivalen Vinjerock, to tamreinlag, to skisenter, 1600 innbyggarar og nesten like mange hytter.
Kommunen har sjølvsagt full barnehagedekning, mens skuleelevane er samla på splitter nye Vang barne- og ungdomsskule. Her er eit topp moderne skuleanlegg med fleirbrukshall, klatrevegg, kulturskuleavdeling og terapibasseng.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!