Vang kommune har ledig 40 % fast stilling som frisklivsrettleiar frå 01.01.20. Me søkjer ein initiativrik person som kan inspirere andre til livsstilsendring for betre helse.
Stillinga ligg til helseavdelinga ved Etat for Helse – og omsorg, og er underlagt leiande helsesjukepleiar. Frisklivssentralen er ein kommunal førebyggjande helseteneste og tilbyr hjelp til endring og meistring av levevanar, og har lokale på Vangstunet.
Ved relevant utdanning/erfaring kan stillinga eventuelt kombinerast med andre kommunale stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Direkte pasientretta arbeid med enkeltpersonar eller grupper
- Gi strukturert oppfylging primært gjennom helsesamtale, tilbod om fysisk aktivitet, kosthaldsendring og snus – og røykeslutt.
- Gjennomføre motivasjonssamtalar med brukarar og rettleie desse til aktivitet som høver til den enkelte.
- Arbeide med brukarar som er henvist frå lege, anna helsepersonell eller NAV.
- Samarbeide med folkehelsekoordinator, lag, foreiningar, med kommunal sektor og Oppland fylkeskommune. Frisklivsrettleiar deltar også i samarbeidet; Forum for folkehelse i Valdres.
- Prosjektarbeid – søke midlar og gjennomføre/delta i ulike prosjekt
Kvalifikasjonar
- Minimum 3 års relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan helse eller idrettspedagogikk
- Gjerne relevant tilleggsutdanning til dømes ernæring, diabetes, motiverande samtalar m.m
- Gode samarbeidsevner
- Flink til å ta initiativ og inspirere andre
- Må kunne gjere seg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Ei spanande og sjølvstendig stilling
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegar
- Løn etter tariff, og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons – og forsikringsordningar
- Kommunen har personalbustadar for leige
- Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
Ber om at søkjar fyller inn utdanning og erfaring i søkjarmodulen saman med søknaden, og legg ved vitnemål og attestar.
Søknadsfrist: Søndag 17.november 2019
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!