Vang kommune treng nye medarbeidarar og søkjer etter 81,18 % fast stilling for helsefagarbeidar i miljøtenesta.
«
Me søkjer medarbeidarar som har:
- Norsk autorisasjon
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Relevant praksis
- Førarkort, og kan disponera eigen bil v/behov.
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy
Felles for stillingane:
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Løn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad.
Meir informasjon om stillingane kan du få ved å vende deg til Miljøtenesta ved Elisabeth. tlf. 61 36 95 50
Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventuelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannskontoret, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres. Søknad skal merkast med arkivsak nr 16/413
Søknadsfrist 05.august 2016
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!