Vang kommune har ledig årsvikariat i 100% stilling som helsesjukepleiar for perioda august 2024 til september 2025.
Helsestasjon og skulehelsetenesta ligger under Helseavdelinga som i tillegg består av psykisk helseteneste, sjukepleiar på asylmottak, frisklivssentral, ergo- og fysioterapi.
Helsestasjon og skulehelsetenesta er ein del av det tverrfaglege tilbodet i kommunen retta mot barn, unge og deira familier, og har i dag 2,4 årsverk.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga omfattar arbeid innan helsestasjon 0-5år, skulehelsetenesta og flykninghelse.
- Helsefremmande og forebyggande arbeidsoppgåver på helsestasjon og i skulehelsetenesten i henhold til gjeldende lovverk, forskrifter og nasjonale faglege retningsliner.
- Helseopplysning, helseundersøkingar, veiledning og oppfølging
- Vaksinasjon i henhold til barnevaksinasjonsprogrammet
- Undervisning for grupper og klasser, foreldrekurs
- Dokumentasjon
- Tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt.
- Sjukepleiaroppgåver knytt til asylmottak kan forekome i forbindelse med ferieavvikling
- Noko kveldsarbeid kan forekome
Kvalifikasjonar
- Krav om norsk autorisasjon som sjukepleiar. Fullført videreutdanning som helsesjukepleiar er ynskjeleg.
- Sjukepleier med anna relevant vidareutdanning kan og vurderes.
- Arbeidserfaring blir vedlagt, spesielt relevant arbeidserfaring med barn, unge og familiar.
- Grunnleggande IKT-kompetanse er nødvendig
- Kursing eller kjennskap til TIBIR, ICDP, COS-P
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og muntleg
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- Førerkort klasse B
- Framlegging av gyldig politiattest krevst før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Engasjement og interesse for å jobbe med barn, ungdomar og deira foreldre
- Gode samarbeidssevner og evne til arbeid sjølstendig
- Positiv innstilling
- Strukturert, målretta, fleksibel
- Kan handtere krevjande situasjoner og har evne til omstilling
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande stilling med varierte oppgåver.
- Kurs og veiledning
- Godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Kva kan du forvente i Vang? Sjå Vangsfilmen: https://www.youtube.com/watch?v=wZkS7o1mtBU, www.vang.kommune.no, www.vangivaldres.no
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!