Frist utløpt
Dei kommande åra har Vang kommune store og spennande prosjekt innan vatn- og avløp. Kommunen har nye investeringar framfor seg samstundes med eit auka fokus på fornying og vedlikehald av eksisterande infrastruktur, og søkjer derfor etter ein ingeniør ved vatn og avløp.
- Løn etter avtale
- Svært interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag
- Tverrfagleg og profesjonelt miljø med hyggjelege kollegaer
- Fleksibel arbeidstid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Me kan hjelpe til med å ordne bustad
- I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsa)
Arbeidsoppgåver
- Prosjektoppfølging for investeringsprosjekt på kommunale vatn- og avløpsanlegg
- Fagansvarleg for kommunale vatn- og avløpsanlegg
- Personalansvar for VA (pt 3 årsverk)
- HMS og internkontroll på kommunale vatn- og avløpsanlegg
- Saksbehandling
- Beredskap for vatn- og avløpsanlegg
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på master- eller bachelornivå, gjerne innan vatn- og miljøteknikk eller bygg og anlegg.
- Annan formal eller realkompetanse kan vurderast
- Erfaring innan fagfeltet er å føretrekke, gjerne erfaring frå kommunal forvaltning
- Erfaring med VA-prosess og Automasjon er ein fordel
- Kjennskap til SHA og risikostyring
- God og relevante kunnskap innan IT, kommunen nyttar program som komtek og gemini VA
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort klasse B og disponera bil
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert, strukturert og sjølvstendig
- Du tek ansvar for framdrift og kvalitet i leveransane dine
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ser nytten av å dele kompetanse på tvers av fagfelt
- Drivande og løysingsorientert med god gjennomføringsevne.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!
Andre ledige stillingar
Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024
Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024
Tilkallingsvikarar innan reinhald
Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald
Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24
Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24