Vang kommune har ledig ei 60 % fast stilling som institusjonskokk ved Vangsheimen frå 1.januar 2020.
Kjøkenet på Vangsheimen har 4 tilsette og lagar mat til institusjon, dagsentre og til matombringing. Kjøkenet har fokus på ernæring til eldre, og maten vert laga frå botnen av. Stillinga har arbeid 3 helger i ein 12 vekers turnus.
Me søkjer etter ein medarbeidar som har:
- Fagbrev som kokk/institusjonskokk er ynskjeleg. God realkompetanse kan vege opp for manglande utdanning
- Erfaring innanfor fagområdet
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Relevant praksis
- Gode norskkunnskapar
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy
- Personlig eignaheit vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
- Kommunen har personalbustader for leige.
Nærare opplysning om stillinga får du ved å ringe leiar IHT Langtidsavdeling Joanke Tito på telefon 61 36 95 34.
Søknad og CV/attestar merka arkivsak nr 19/737 sendast elektronisk via heimesida www.vang.kommune.no
Søknadsfrist: Søndag 10.november 2019
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!