Frist utløpt

Om stillinga

Frå april og tom 11.08.24 har Vang kommune ledig 100 % vikariat som kommunikasjonsmedarbeidar ved servicetorget. Vedkommande vil ha hovudansvar for servicetorget (mottak av besøk og telefonar), i tillegg til ein del andre oppgåver. Me søkjer deg som er fleksibel, omgjengelig og både god på og interessert i data/digitale system.

Kommunen nyttar nynorsk som målform.

 

Arbeidsoppgåver

 

  • Oppgåver på sentralbordet: Mottak for besøkande og telefon mm
  • Daglege arkivoppgåver bla journalføring og postliste (digitalt arkiv)
  • E-post mottak
  • Behandle/sortere/frankere post
  • Publisering og kvalitetssikring på kommunens heimeside, facebook og intranett
  • Fakturascanning 
  • Ansvar for å halde orden i servicetorget/kopirom, ajourhald av telefonlister mm
  • Bestilling av kontormateriale mm
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Gjerne relevant utdanning (fagbrev/fagskule/høgskule), men ikkje eit krav
  • Gjerne relevant erfaring
  • Gjerne erfaring frå kommunal forvaltning
  • Stor fordel med gode datakunnskaper/digital kompetanse
  • God framstillings - og formidlingsevner skriftleg og munnleg
  • Gode norskkunnskap skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • God gjennomføringsevne, serviceinnstilt og løysningsorientert
  • Gode samarbeidsevner og ansvarsbevisst
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God arbeidskapasitet (kan vere hektisk i perioder)
  • Fleksibel og initativrik
  • God på multitasking

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein variert og sosial jobb
  • Moglegheit til å være med på å vidareutvikle ei spanande kommune
  • Gode kollegaer, godt faglig og sosialt arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24