På Kontorfellesskapet 1724 i Vang sentrum har du moderne kontorfasilitetar, trivelege kollegaer og ei forstyrrande fin utsikt.
Du driv med ditt eige, men rundt deg har du kløktige ressursar å spele på og ikkje minst ein triveleg gjeng å ete lunsj med.
Her sit folka frå Vinjerock (Fjell-festivalen med stor F), TurApp (Outtt) (Digitale naturopplevingar), Innovangsjon (Bygdeoptimistar med 1724 innbyggarar i Vang som mål) og IT-bedriftene fleten.net og Leodesk AS. Pluss enkeltpersonforetak med ambulerande plassar.
Vil du teste 1724 gratis i nokre dagar eller veker? Kontakt dag@turapp.no // 99603000
I Synshagen næringspark finn du alt frå reknskap og arkitektur til verkstad, snekkerbedrifter, anlegg og elektro. Bygget er berre nokre år gamalt, noko som betyr at både kontor og fellesareal er i tipp-topp stand. Her er for tida eit par ledige kontor. Kontakt dagleg leiar Vidar Wangensteen om du vil leige plass. vidarw@elektromontasje.no // 428 67 362
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!