For snarleg oppstart er det ledig 100% vikariat som lærar i norsk og samfunnskunnskap ved Introduksjonssenteret i Vang. Det er ynskjeleg med tilleggsutdanning innan fleirkulturell pedagogikk og erfaring med integreringsarbeid. Vikariatet kan bli omgjort til fast stilling.
Til Introduksjonssenteret er det knytt vaksenopplæring, flyktningeteneste og i løpet av våren: eit bufellesskap for einslege mindreårige flyktningar.
Det blir lagt vekt på tverrfagleg samarbeid, og vi søkjer etter ein medarbeidar som er engasjert, stabil og med gode samarbeidsevner.
Meir informasjon om stillingane kan du få av leiar ved Introduksjonssenteret Erik Martinsen Dalåker tlf. 414 09 798 eller av skule- og kultursjef Jon Eggen tlf. 61 36 94 00.
Vang kommune tilbyr spanande arbeidsoppgåver, løn etter tariff, god forsikrings- og pensjonsordning og hjelp til å skaffe bustad.
Ein tek atterhald om at kommunalt tilsette kan ha rett på utvida fast stilling etter hovud- tariffavtala §2, pkt. 2.3.1.
Ved tilsetjing må ein leggje fram gyldig politiattest.
Søknad merka aktuelt saksnummer blir å sende elektronisk via www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannen, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres innan 12. februar 2016.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!