Frist utløpt

Vang kommune har fleire ledige stillingar i bufellesskap for einslige mindreårige flyktningar. Bufellesskapet driftast som ein vanlig heim for 6 bebuarar, og det er viktig med god omsorg og god tilrettelegging for ein aktiv og normal kvardag.

  • 100 % vikariat for barnevernspedagog eller tilsvarande høgskuleutdanning frå oktober 2017 til august 2018.
  • 20 % fast helgestilling
  • 20 % vikariat helgestilling frå august 2017 til og med juli 2018

Bufellesskapet disponera eigen bil. Personalet går i turnus med helgejobbing kvar tredje helg, og med kombinert kveldsvakt og kvilande nattevakt.

Me ynskjer at du som søkjar har
  • Utdanning og/eller erfaring innan omsorgsyrke, bufellesskap eller pedagogikk
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode norskkunnskapar
  • Relevant praksis
  • Førarkort
  • Personlige eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.
Felles for stillingane:
  • Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
  • Løn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.  
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad.

Meir informasjon om stillingane kan du få ved å kontakte leiar Erik Martinsen Dalåker tlf. 414 09 798 Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventuelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.

Søknad med CV, attestar og vitnemål merka med saknr 17/621 sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no.

Søknadsfrist 17.juli 2017

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24