Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som leiar for Vang læringssenter frå 01.01.20. Pt. er det tillagt 20% undervising til stillinga.
Vang læringssenter organiserar og tilbyr undervising i norsk og samfunnskunnskap for vaksne. Læringssenteret gir tilbod om asylnorsk for asylsøkjarar som bur på mottaket i Vang, kurs for arbeidsinnvandrarar og andre innvandrarar som har rett til norskundervisning, samt introduksjonsordning for dei som er busette flyktningar i Vang kommune.
Læringssenteret tilbyr også opplæring spesielt organisert for vaksne etter Opplæringslova kap. 4A, grunnskule og spesialundervising.
Under læringssenteret ligg også bufellesskapet for einslege mindreårige flyktningar, som Vang kommune etablerte i 2016. Gullringen bufellesskap har 6 busette ungdomar. Administrasjonen på læringssenteret består av leiar i 100% stilling og konsulent i 100% stilling.
Leiar for Vang læringssenter er fagleg og administrativ leiar for avdelinga og rapporterer direkte til etatsjef for oppvekst, kultur og integrering.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis pedagogisk utdanning
- Ynskjeleg med leiarkompetanse og leiarerfaring
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- God IKT kompetanse
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for oppfølging av tilsette og elevar
- Sakshandsaming i samband med busettingsvedtak, integrerings- og norsktilskot mv.
- Personal- og budsjettansvar
- Pedagogisk utviklingsarbeid
- Koordinerande ansvar og samarbeid med ulike tenester i Vang kommune for læringssenteret, inkludert underavdelingane Vang vaksenopplæring og Gullringen bufellesskap.
Me ser etter deg som
- Har erfaring med og interesse for arbeid med elevar, flyktningar/asylsøkjarar og menneske frå ulike kulturar
- Er ein tydeleg leiar som er prosessorientert
- Er ein relasjonsbyggar
- Er sjølvstendig og løysingsorientert
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- Har evne til og interesse for tverrfagleg samarbeid
- Er strukturert og endringsvillig
Me tilbyr
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
- Deltaking i eit veletablert og dyktig leiarteam i etaten
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt reglement
- Kommunen har personalbustadar for leige
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Spørsmål om stillingane kan rettast til etatsjef Tommy-René Stordal, tlf. 61 36 94 20, eventuelt via e-post tomsto@vang.kommune.no eller etatsrådgjevar Solveig Rønneberg, tlf 61 36 94 21, eventuelt via e-post solveig.ronneberg@vang.kommune.no
Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no. Merk søknad med arkivsak nr. 19/752
Søknadsfrist: Sundag 17.november 2019
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!