Frist utløpt
Om stillinga
Grunna ei auke i tenestebehovet ved bufellesskap i Tilrettelagte tenester/Miljøtenesta er det behov for fleire nattevakter! Ynskeleg med snarleg oppstart.
Me har følgjande stillingar ledig:
- 87,40 % kvilande natt (lønsprosent 45,62 %) midlertidig stilling på 1 år
- 30,59 % kvilande natt (lønsprosent 16,04 %) midlertidig stilling på 1 år
- 57,92 % nattevakt - våken natt - fast stilling
Arbeidsoppgåver
- Aktivt søkje å nå fastsette mål for arbeidet gjennom målretta miljøarbeid.
- Praktisk bistand og opplæring til tenestemottakarar etter HOL §3-2,6.
- Ivareta brukarmedverknad i all tenesteyting.
- Bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer.
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med relevant fagbrev
- Ufaglærte kan også søkje
- Menn oppmodast til å søkje
- Kunnskap og erfaring frå arbeid med målgruppa er ynskjeleg
- Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsferdigheiter, men òg evne sjølvstendig arbeid.
- Du er stabil, fleksibel og lojal overfor vedtak og tiltak.
- Du er blid og positiv, og villig til å søke ny kunnskap
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring og rettleiing
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
- Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Ved intern tilsetting kan annan stilling bli tilbudt søkjarane jf. HTA.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!
Andre ledige stillingar
Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024
Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024
Tilkallingsvikarar innan reinhald
Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald
Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24
Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24