Vang kommune har ei 100 % fast stilling som økonomi - og stabsmedarbeidar ledig i Staben frå april/mai 2024.
Staben held til i kommunehuset i Vang (pt midlertidig kommunehus i Synshagen medan kommunehuset er under ombygging). Stillinga er plassert i stabsområdet for HR, økonomi og støttefunksjonar i Vang kommune. Avdelinga består av ca 8 årsverk. Vi har ansvaret for kommunen sine sentrale rekneskapsfunksjonar, koordinering av kommunen sine økonomiprosessar, HR, arkiv, møtesekreteriat og servicetorg mm.
Stillinga innehar hovudvekta av arbeid knytt til økonomi/rekneskap, men også ein del andre oppgåver støttefunksjonsoppgåver.
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr:
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
- Ein jobb der ein får arbeide med «heile organisasjonen»
- Fleksibel arbeidstid
- Ein variert jobb med spennande utfordringar. Ingen dag er lik!
- Løn etter avtale/tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsen)
- Hjelp til å skaffe bustad ved behov
Arbeidsoppgåver
Oppgåver knytt til økonomi/rekneskap:
- Oppgåver relatert til økonomiforvaltning og rekneskap
- Behandling av inn - og utbetalingar
- Fakturering
- Distribusjon av faktura innad i kommunen
- Kundekontakt
Andre oppgåver:
- Systemansvar for ulike digitale system
- Arkivarbeid ved behov
- Skjemaredigering/design
- Kommunikasjonsarbeid, m.a. arbeid knytt til heimeside/intranett
- Arbeid knytt til teknisk etat: vassmålarar, gebyr og arbeid i KomTek mm
- Det kan bli aktuelt med arbeidsoppgåver knytt til HR/personal
- Andre merkantile tenester
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Innhaldet i stillinga kan tilpassast noko etter interessefelt og kvalifikasjonar, men det er ein føresetnad at du både likar og er god i digitale system.
Me arbeidar pt i system som Visma Enterprise, Acos, Websak, KomTek mm
Kvalifikasjonar
- Gjerne relevant utdanning. God erfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse
- Gjerne erfaring frå økonomi/rekneskap
- God talforståelse
- Gode digitale kunnskapar, systemforståelse og interesse for IKT
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Positiv, effektiv og serviceorientert
- Nysgjerrig på system og opptatt av utvikling og av å finne gode effektive løysingar
- Prosess- og løysingsorientert
- Fleksibel og sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- Strukturert og endringsvillig
- God skriftleg framstillingsevne
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!