Grunna mange igangverande og nye saker innan saksbehandling, matrikkelføring og oppmåling ynskjer Vang kommune å auke bemanninga innan fagområdet i ei periode.
Stillinga omfattar fagområda eigedomsoppmåling, matrikkelføring, oppretting og endring av eigendom, seksjonering og kartforvaltning/GIS. Oppmålingsingeniør sine oppgåver er viktige for etaten, der det òg blir behandla plansaker, byggesaker, konsesjonssaker m.v.
Stillinga krev mykje sjølvstendig arbeid. I tillegg inneber stillinga samarbeid med dei andre fagområda i etaten. Oppfølging av grunneigarar og tiltakshaverar er og ein viktig del av jobben.
Arbeidsoppgåver kan tilpassast søker sin kompetanse og praksis. Engasjementet har varigheit frå haust 2023 tom juni 2026.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!