Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)
Me ynskjer å tilby ei kombinasjonsstilling som organist og trusopplærar. Det er og mogleg å søke på berre ei av stillingane, men dette må komme tydeleg fram i sjølve søknaden.
Det er ledig stilling som organist i 60 % frå 01.05.2024
Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein lang tradisjon med kyrkjemusikk og konsertar i fjellkommunen Vang? Me kan tilby gode instrument i tradisjonelle kyrkjer, fleksibilitet i arbeidet, eit godt arbeidsmiljø og i tillegg; eit variert lokalt musikkmiljø. Organisten går inn i eit nært samarbeid med sokneprest og stab.
Aktuelle arbeidsoppgåver
- Lede og videreutvikle det kyrkjemusikalske livet i meinigheita
- Samarbeid om planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar, i tett samarbeid med soknepresten og den øvrige staben
- Samarbeid om trusopplæringa, og samarbeid mellom kyrkja og skulen i Vang
- Legge til rette for kyrkjekonsertar, musikkandaktar og korarbeid
- Koordineringsansvar for kulturelle arrangement i kyrkja, utleiekontraktar og anna organisering rundt dette
- Utarbeide kyrkjemusikalsk plan
- Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle arbeidsoppgåver ved arbeidsfellesskapet
Ynskja kvalifikasjonar:
- Relevant kyrkjemusikalsk utdanning og arbeidserfaring
- Allsidige orgel- og pianoferdigheiter, gjerne også andre instrument
- Kjennskap til norsk gudstjenestetradisjon og liturgi
- Kompetanse og erfaring med kor og musikalsk arbeid for barn og unge
Kvalifiserte søkjarar vil bli innkalla til intervju og prøvespel.
Det er og ledig stilling som trusopplærar i 20 % frå 01.05.2024
Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein god tradisjon med trusopplæring i fjellkommunen Vang? Me kan tilby kompetanse på fagfeltet, fleksibilitet i arbeidet og godt arbeidsmiljø. Trusopplæraren går inn i eit nært samarbeid med sokneprest og stab.
Aktuelle arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av trusopplæringstiltak i tråd med trusopplæringsplanen vår
- Samarbeid med sokneråd, stab og frivillige
- Publisering og markedsføring
- Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle oppgåver i arbeidsfellesskapet
Ynskja kvalifikasjonar:
- Utdanning og/eller erfaring innanfor pedagogikk og kristendom
- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
Følgande punkt gjeld begge stillingane
Personlege eigenskapar:
- Du har initiativ og gjennomføringskraft
- Du har evne og vilje både til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig
- Du har evne til å motivere, inkludere og sjå frivillige som en viktig ressurs
- Du er fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver
- Du trives med kvelds- og helgejobbing
Særskilte krav:
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, samt ha grunnleggande kunnskap om dataverktøy
- Du må være medlem av Den norske kyrkje og utføre tenesta i samsvar med Den norske kyrkjes ordningar, grunnverdiar og visjonar
- Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
- I stillinga inngår kvelds- og helgearbeid
- Den som tilsetjast vil bli bedt om å legge fram godkjent politiattest, jamfør trossamfunnsloven §20, og politiregisterloven §39, første ledd
Me kan tilby:
- Tilsetjing på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
- Eit godt arbeidsfellesskap
- Løn etter KA’s tariffavtale
- Medlemskap i KLP pensjonsordning
- 6 månaders prøvetid
Personleg eignaheit blir vektlagt.
Annet
Spørsmål om stillingane kan rettast til:
- Kyrkjeverje Silje Hammerstad, mobil 902 42 171 eller sh466@kirken.no
- Sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland, mobil 926 53 320 eller il597@kyrkja.no
Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast via webcruiter, innan 1.april 2024.
Me ynskjer og å opplyse om at det blir utlyst ei stilling iløpet av våren som dirigent for brassbandet Fjellblom musikklag, med inntil 20% stilling.
Ved spørsmål vedrørende stillinga, ta forbindelse med; Jon Eggen, mob. 901 86 731
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!