Frist utløpt

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som pedagog i Fredheim barnehage frå 01.01.20, eventuelt seinare tiltreding etter nærare avtale. 

Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane, og me søkjer derfor etter ein fagleg sterk og engasjert pedagog som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.

Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst, og me er no i vårt andre år i denne satsinga. Vert du med oss på laget?

Kvalifikasjonar
  • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse og erfaring, gjerne vidareutdanning innan spesialpedagogikk
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Me ser etter deg som
  • Er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik 
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar 
  • Er strukturert og endringsvillig
Me tilbyr
  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
  • Kommunen har personalbustadar for leige
  • Flyttegodgjersle etter kommunens reglement

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.@


Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.


Spørsmål om stillingane kan rettast til barnehagestyrar Karin Trøen, tlf. 61 36 94 90 – 928 912 31

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no. Merk søknad med arkivsak nr. 19/756

Søknadsfrist: Søndag 17.november 2019

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24