Om stillinga
Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar i Fredheim barnehage. Som rekrutteringstiltak gir vi flyttegodtgjering og redusert husleige.
Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Vi søkjer etter ein fagleg sterk og engasjert pedagog som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.
Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst. Vert du med oss på laget?
Fredheim barnehage er ein sentrumsbarnehage med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.
Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 32 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 20 barn i alderen 1-3 år. I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. I Fredheim har vi utedagar for alle årskulla på stor avdeling. På minste avdeling ein dag for 1-3 år. Utedagane går til naturskjønne område i nærleiken av barnehagen, aktivitetsparken ved kommunehuset, Søvelbua, turar langs kongevegen.
Rekrutteringstiltak: For fast stilling som ped.leiar: Vang kommune tilbyr flyttegodtgjering ved flytting til Vang kommune (kompensasjon av faktiske flytteutgifter inntil gitt sum) og redusert husleige det første året (enten ved kommunal bustad eller bidrag til husleige ved privat leige etter prisanslag). Bindingstid vil tilkome.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og overordna pedagogisk ansvar
- Delta aktivt i leik og aktivitetar
- Ansvar for planlegging av pedagogisk opplegg
- Medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik
- Medansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale
- Betrakte barnehagen som heilheit og ha omsorg for alle barn
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
- Fagarbeidar og andre med relevant utdanning og erfaring kan også søkje - det vil då bli aktuelt med ped.på dispensasjon for midlertidig periode
- Gjerne spesialpedagogisk kompetanse og erfaring
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- er supermotivert til å arbeide med barn
- er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set barna først og ser læring i leik
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- er strukturert og endringsvillig
- er fleksibel
- er lærevillig, trygg og ansvarlig
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen har personalbustadar for leige
- Flyttegodgjersle etter kommunens reglement
Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Ved tilsetjing vert det krevd gyldig politiattest
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!