Vang kommune har to ledige stillingar i barnehagane for barnehageåret 2017/18.
Vårt fokusområde i 2017/2018 er Gardsliv i Valdres.
Vi søkjer no etter:
Pedagogisk leiar i 60 % stilling ved Fredheim barnehage i perioda 15.08.17 tom 31.07.18
Vi søkjer også etter:
Barnehagelærar i 100 % stilling ved Høre barnehage i perioda 15.08.17 tom 31.07.18
Me søkjer medarbeidarar som har:
- Utdanning som barnehagelærar
- Gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli vektlagt
I likestillingsøyemed oppmoda me mannlege barnehagelærarar til å søkje.
Felles for stillingane:
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Løn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
Spørsmål om stillingane kan rettast til barnehagestyrar Yvonne Solemsli tlf. 613 69 422. Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no. Merk søknad med arkivsak nr. 17/617
Søknadsfrist søndag 09.juli 2017
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!