Vang kommune har ledig 200% fast som pedagogisk leiar f.t. i Fredheim barnehage. Stillinga er ledig frå 01.08.2023.
Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjert pedagog som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.
Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst. Vert du med oss på laget?
Fredheim barnehage er ein sentrumsbarnehage med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.
Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 32 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 20 barn i alderen 1-3 år. I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. I Fredheim har vi utedagar for alle årskulla på stor avdeling. På minste avdeling ein dag for 1-3 år. Utedagane går til naturskjønne område i nærleiken av barnehagen, aktivitetsparken ved kommunehuset, Søvelbua, turar langs kongevegen.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!