Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar i Høre barnehage.
Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjert pedagog som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.
Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst. Vert du med oss på laget?
Til fast stilling ligg det flyttegodtgjersle og redusert husleige som rekrutteringstiltak, etter kommunen sine retningslinjer. Me kan også hjelpe til med å skaffe bustad.
Kva kan me tilby?
- Gode lønsvilkår for pedagogiske leiarar
- Flyttegodtgjering om du flyttar til Vang kommune
- Redusert husleige første tilsettingsåret
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
- Ein barnehage med stort inneareal, gymsal og store og gode uteområder
- Ein variert kvardag, med mange spennande arbeidsoppgåver
- I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
- Me kan hjelpe til å ordne bustad
- Løn etter tariff, og gode forsikrings - og pensjonsvilkår
Høre barnehage
Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er en to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen gymsal og stort uteområde.
Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og småbarnsavdeling i kjellaren.
I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus. Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.
Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På veldig kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller på avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjerte pedagog som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.
- Dagleg leiaransvar og overordna administrativt og pedagogisk ansvar
- Ansvar for å gjennomføre og synliggjere pedagogisk utvikling
- Betrakte barnehagen som heilheit og ha omsorg for alle barn
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
- Gjerne med spesialpedagogisk kompetanse og erfaring
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- er supermotivert til å arbeide med barn.
- er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- er strukturert og endringsvillig
- fleksibel
- lærevillig, trygg og ansvarlig
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen har personalbustadar for leige
- Flyttegodgjersle etter kommunens reglement Vang kommune nyttar nynorsk som målform
Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Ved tilsetjing skal gyldig politiattest leverast før oppstart
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!