Frå mai/juni 2016 får Vang kommune ledig 100% stilling som personalkonsulent.Stillinga er ein del av rådmannen sin stab.
Arbeidsoppgåver er i hovudsak: - Saksbehandling - Rådgjeving - Tariffoppgjør og forhandlingar - HMS- og IA-arbeid - Internkontroll - Utviklingsarbeid - Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Det er ønskeleg at vår nye personalkonsulent har: - Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå - Relevant praksis - God kjennskap til lov- og avtaleverk for kommunal sektor - God evne til samarbeid - Gode datakunnskapar
Nærare opplysning om stillinga får du ved å ringe rådmann Reidar Thune på telefon 61 36 94 12/912 15 147 eller personalkonsulent Randi Elstad på telefon 61 36 94 18. Søknad merka arkivsak nr. 15/511 blir å senda elektronisk til heimesida vår www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannskontoret, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres innan 28. januar 2016.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!