Ca. 60% fast stilling ledig frå d.d.
Miljøarbeidar/-assistent for vaksen dame
Arbeidet er organisert som brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
Arbeidsoppgåver er praktisk bistand i dagleglivet, trening og aktivitet.
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter fleksible damer, med interesse både for det sosiale og det aktive. Helsefagleg utdanning og erfaring frå arbeid innan pleie- og omsorg/miljøtenesten er eit føremonn, men ikkje eit absolutt krav.
Du må
- bry deg om, vise respekt for og ta omsyn til andre menneske
- kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
- vera lojal overfor vedtak
- fagleg dyktig og engasjert
- stabil
- fleksibel og god på tverrfagleg samarbeid.
- ha førarkort og disponere bil
- god skriftleg og munnleg norskkunnskap
Vang kommune tilbyr utfordrande arbeidsoppgåver, løn etter tariff, god forsikrings- og pensjonsordning og hjelp til å skaffe bustad.
Ved intern tilsetjing blir ledige stillingar å tilby søkjarane.
Søknad merka aktuelt saksnummer blir å sende elektronisk til www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannen, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres innan 12. februar 2016.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!