Vang kommune søkjer etter programrettleiar til Vang læringssenter i 100 % fast stilling.
På læringssenteret har vi vaksne elevar og flyktningar som er busett i Vang med rett og/eller plikt til introduksjonsprogram og / eller norsk og samfunnsfagopplæring.
Introduksjonsprogrammet består av element som skal kvalifisere til vidare utdanning eller arbeid. Kvar elev har sin eigen integreringsplan. Programrettleiar har i samarbeid med leiar og flyktningkonsulent ansvar for oppfølging, koordinering og veiledning etter integreringslova. Målet er at dei busatte flyktningane skal få god individuell tilrettelegging som skal føre til økonomisk sjølvstende og god trivsel og integrering i Vang.
Vi tilbyr blant anna:
- Varierte arbeidsdagar
- Meiningsfulle oppgåver med spanande menneskemøter
- Positivt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons - og forsikringsvilkår
- I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
- Vi kan hjelpe til å ordne bustad
Arbeidsoppgåver
- Koordinering av introduksjonsprogrammet
- Nettverksbygging, etablering og oppfølging av praksisplassar
- Individuell tilrettelegging og oppfølging av integreringsplan
- Programrådgiving – introduksjonsprogrammet
- Kartlegging og veiledning
- Journalføring i fagsystemene Visma flyktning og NIR
- Veiledning rundt arbeidsretta element og tiltak på gruppenivå
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med sosialfagleg, samfunnsvitenskapeleg eller anna relevant utdanning
- Ynskjeleg med relevant erfaring (kan kompensere for manglande relevant utdanning)
- Erfaring frå arbeid med flyktningar vil bli vektlagt
- Ynskjeleg at du har oversikt og kunnskap om arbeidsmarkedet
- Gjerne kompetanse på veilednings- og samtaleteknikker
- Fordel med relevant språkkompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- God relasjonskompetanse og gode, tydelege kommunikasjonsevner
- Engasjert, nyskjerrig og open
- Kunne stå i krevjande situasjonar og vere trygg i møte med mennesker i krise
- Målretta
- Fleksibel og tilpasningsdyktig
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!