Valdres-kommunane har ledig 100 % stilling som prosjektleiar for perioda frå 01.10.17 til 01.07.18. Prosjektet har som føremål å utgreie behovet rundt personar med rusavhengigheit og psykiske lidingar.
Føremål
Til prosjektet ligg det å utgreie felles døgnteneste i Valdresregionen, og derav behovet for aktiv teneste og beredskap for brukargruppa som er personar med rusavhengigheit og psykiske lidingar. Målsetjinga er å nå regionen sitt mål for brukargruppa jf. samhandlingsreformen, ved å bruke dei samla ressursane i regionen på ein heilskapleg og effektiv måte.
Helse og omsorgsleiarforum i Valdres (HOF) er styringsgruppe for prosjektet, og det skal rapporterast til HOF undervegs. Det er oppnemnt ei prosjektgruppe, og utarbeidd mandat for arbeidet. Stillinga er organisatorisk plassert i helse og omsorgsetaten i Vang kommune og næraste leiar blir helse – og omsorgssjef Guro Råheim Kvam.
Etter vurdering kan stillinga lokaliserast i anna kommune om det er ynskjelig.
Hovudarbeidsoppgåver
- Evaluere noverande modell for arbeidet med rus og psykisk helse i Valdres.
- Utgreie kva for tenestar som bør organiserast i kommunane og kva for tenestar som bør organiserast regionalt.
- Kartlegge omfang av målgruppa.
- Utgreie behov for felles regional døgnteneste; aktiv teneste og beredskap gjennom døgn/veke.
- Vurdere velferdsteknologiske løysingar.
- Etablere samarbeid med pårørande, nettverk og frivillig sektor.
- Utvikle og prøve ut modell for samhandling som skal sikre god boligsosial oppfølging for personar med rusmiddelproblem og psykiske lidingar, herunder utgreie moglegheit for regionalt butilbod for dei mest ressurskrevjande pasientane.
- Etablere regional oppfølging av ungdom med ruskontrakt
Me ynskjer at du som søkjar har
- Relevant bachelor utdanning
- Kompetanse på/erfaring frå prosjektleiing
- Vidareutdanning og/eller erfaring frå arbeid med rus og psykisk helse er eit føremonn, men ikkje eit krav
- Gode munnlige og skriftlige norskkunnskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig, og gode samarbeidsevner.
- Personleg egnaheit vil bli tillagt stor vekt.
Me tilbyr:
- Arbeidet vil vere på dagtid, med 37,5 timars arbeidsveke.
- Løn etter tariff/kvalifikasjonar og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
Ein gjer merksam på at namnet på søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at namnet blir unnteke offentlegheit.
Nærare opplysning om stillinga får du ved å kontakte Helse – og omsorgssjef Guro Råheim Kvam tlf. 99 09 11 87.
Søknad og vitnemål/attestar merka arkivsak nr 17/601 sendast elektronisk via heimesida www.vang.kommune.no. Søknadsfrist søndag 16. juli 2017
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!