Vestre Slidre og Vang startar i januar opp eit treårig prosjekt for busetting og drift på tomme gardar.
Innovangsjon SA er prosjekteigar og arbeidet er forankra hjå faglag, politikarar og administrasjon i dei to kommunane. Hovudmål er ny aktivitet på tomme bruk og som prosjektleiar er du med på å peike vegen fram mot dette målet.
Du lyt brenne for levande bygder og landbruk og og evne å jobbe på lag for å oppnå konkrete mål i prosjektet.
Vi søkjer prosjektleiar med
- God lokalkunnskap om Vestre Slidre og Vang
- Gjennomføringskraft og kreativitet
- Evne og vilje til gode samarbeid
- Kjennskap til gardsdrift
- Personleg engasjement for prosjektet
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne og gode datakunnskapar.
- Førarkort og tilgang på bil
Vi tilbyr
- Ei særs fleksibel 20%–stilling i tre år
- Tett samarbeid med tilsette i Innovangsjon og andre ressursar knytt til prosjektet
- Kontorplass på kontorfellesskapet 1724
- Lønn etter avtale
Send søknad og CV til dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn, innan 28. november. hallgrim@vangivaldres.no. (Tlf: 41222769)
Spørsmål om stillinga rettast og dit.
Prosjektperiode er 1. januar 2017 til 31 desenber 2019.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!