Frist utløpt

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar for beredskap, næring og bustadutvikling. Me tilbyr her ei spennande og variert stilling som innehar fleire viktige fagområder, og søkjer etter deg som er positiv, systematisk, god på data og system, er både sjølvgåande og samarbeidsorientert, og som har stor gjennomføringsevne. Det er ei nyoppretta stilling som i fyrste omgang er organisatorisk plassert rett under kommunedirektøren. Fordelinga mellom stillingane vil variere ut i frå behovet, men som eit utgangspunkt vil det vere 30-50% innan beredskap og 50-70% innan næring og bustadutvikling. Arbeidet med lovpålagte beredskapsoppgåver og støtte til kriseleiinga ved kritiske hendingar vil uansett ha øvste prioritet.

 

Bakgrunn for stillinga:

Beredskap

Kommunen har beredskapsplikt etter sivilbeskyttelsesloven. Vi er i ei tid der krigen i Ukraina og i Midt-Austen har langtrekkande konsekvensar. Vi opplever hybride trugslar mot befolkning, demokratiet og våre digitale system. Vi ser klimaendringar som fører til endra og aukande naturfare, behov for klimatilpassing og styrking av eigenberedskapen. I tillegg har vi eit ustabilt fjellparti med fare for flaum som krev beredskapsplanar og oppfølging. Vang kommune har med denne bakgrunn behovet for å styrke laget med ein beredskapsrådgjevar.

 
Næring- og bustadutvikling
Kommunen har også ei viktig rolle med å leggje til rette for utvikling av næringslivet og bustadmarknaden i Vang. Ei føresetnad for å ha eit velfungerande og aktivt næringsliv i framtida er at ein klarer å følgje dei trendane som skjer i ulike marknader og vere tilpasningsdyktig. Vang kommune har gjennom bruk og forvaltning av kommunen sitt næringsfond både evne og vilje til å føre ein aktiv politikk for å støtte og stimulere næringslivet i denne utviklinga. Kommunen ynskjer også å ta ein meir aktiv rolle i utvikling av bustadmarknaden. I tillegg er det forvaltningsoppgåver opp mot næringslivet og regelverket for offentleg støtte som må følgast opp og bahandlast. Vang kommunen ynskjer derfor å styrke vår kompetanse og kapasitet for forvaltning og bruk av næringsfondet, og gjennom dette støtte ei framtidsretta utvikling av næringslivet og bustadmarknaden i kommunen.

 

Me tilbyr: 

  • Ein variert jobb med spennande utfordringar. Ingen dag er lik!
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
  • Ein jobb der ein får arbeide med «heile organisasjonen»
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale/tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsen)
  • Hjelp til å skaffe bustad ved behov

 

Arbeidsoppgåver

Rådgjevar beredskap

  •  Følgje opp at kommunen sitt beredskapsarbeid er planlagt og organisert på ein god måte
    • at formelle krav og forhold er på plass
    • at beredskapsplaner, herunder overordna risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS) er utarbeidd og revidert i tråd med lov og forskriftsverk
    • følgje opp og rapportere på kommunedirektøren sitt interkontrollansvar innan beredskapsområda
  • Følgje opp at forhold av relevans for samfunnssikring og beredskap blir vurdert og innarbeidd i arealplaner
  • Følgje opp at kriseleiinga/ kommuneorganisasjonen har tilstrekkelig kompetanse på beredskapsarbeidet
  • I samråd med kommunedirektør planleggje, gjennomføre og evaluere øvingar i tråd med planverket og overordna krav
  • I samråd med kommunedirektør planleggje, gjennomføre og evaluere møte med beredskapsrådet
  • Følgje opp rapportering til overordna myndigheit
  • Ha det daglege ansvaret for handtering av kommunen sine sikkerheitsgraderte dokument og forvaltning av beredskapsmateriellet 
  • Andre relaterte oppgåver kan bli lagt til stillinga

Rådgjevar næring og bustadutvikling

  • Utarbeide og vidareutvikle kommunale planar for næring og bustadutvikling. Dette skal gjerast på grunnlag av oppdatert kunnskap om lokal næringsutvikling i distrikta , kommunen sin bustadpolitiske plan og i tråd med overordna samfunnsmål
  • Koordinering og saksbehandling av saker knytt til det lokale næringslivet og bustadutvikling, til dømes søknadar om kommunale tilskot til næringsutvikling, søknadar om servering- og skjenkeløyve, og støtteordningar for bustadbygging.
  • Pådrivar for at kommunen skal leggje til rette for det lokale næringslivet utvikling av bustadmarknaden slik at utviklinga går i retning av dei overordna samfunnsmåla
  • Gje kommunedirektøren råd om innretninga på kommunale næringsstøtteordningar og bruk av det kommunale næringsfondet
  • Leggje til rette for god dialog og møteplassar med lokalt næringsliv. Tett dialog med lokale og regionale næringsaktørar slik som Vang Utvikling, Valdres Næringshage, Innovangsjon, Valdres natur- og kulturpark, Visit Valdres, Innlandet fylkeskommune med fleire. 
  • Halde seg oppdatert på og følge opp relevante tilskottordningar for kommunen og næringslivet
  • Andre relaterte oppgåver kan bli lagt til stillinga

 

Prosjekt og prosessleiing

  • Ut i frå tilgjengeleg kapasitet, kompetanse og behov bidra i utviklingsprosjekt og støtte kommunedirektøren med avgjerdsgrunnlag, prosjekt- og prosessleiing og saksutgreiing, primært innan samfunnsberedskap, bustad- og næringsutvikling.

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Fleire utdanningsretningar kan vere aktuelle, slik som samfunnstryggleik og beredskap, samfunnsøkonomi, bedriftsøkonomi, offentleg forvaltning.
  • All relevant erfaring er positivt. Følgjande erfaring vil vere særs positivt:
    • Erfaring frå arbeid i kommunal eller statleg verksemd, operativ erfaring og administrativ forvaltning innan fagområda beredskap og/eller næringsutvikling 
    • Anna erfaring frå beredskapsrelatert arbeid, til dømes frivillig arbeid eller i ikkje-statlege orgasnisasjonar (NGO)
    • Erfaring frå arbeid i eller opp mot privat næringsliv
  • God kjennskap til lovverk og krav innan kommunal beredskap
  • Kjennskap til statlege, fylkeskommunale og private verkemiddel til støtte for lokal næringsutvikling
  • Må kunne vise til gode digitale kunnskapar, og evne til å sette seg inn i og nytte nye digitale system og verktøy. Kjennskap til kommunen sine beredskapssystem er ein fordel, men ikkje eit krav. Me brukar idag Rayvn som beredskapssystem. 
  • God evne til analyse og utgreiing av saker
  • God evne til å arbeide systematisk og kunnskapsbasert med risiko- og sårbarheitsanalyse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Inneha sertifikat klasse B og disponere eigen bil
  • Rådgjevar beredskap må ha sikkerheitsklarering og autorisasjon for å kunne handtere sikkeheitsgradert informasjon

Personlege eigenskapar

  • Positiv og effektiv
  • Nysgjerrig på system og opptatt av utvikling og å finne gode effektive løysingar
  • Prosess- og løysingsorientert
  • Fleksibel og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • Strukturert og endringsvillig

Vang kommune nyttar nynorsk som målform. 

Både funksjonen som rådgjevar innan næring og bustadutvikling og funksjonen som beredskapsrådgjevar krev evne og vilje til å kunne samarbeide og koordinere godt med andre fagområde i kommunen og eksterne aktørar og organisasjonar. Det vil derfor, i tillegg til formalkompetanse, leggjast stor vekt på personleg eignaheit for stillinga. 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24