Om stillinga
Vang kommune har ledig 58 % vikariat som reinhaldar f.t. ved midlertidig kommunehus i Synshagen. Ynskjeleg med snarleg tiltreding.
Stillinga innebefattar arbeid ca 5,5 time arbeid 4 dagar i veka, på dagtid.
Arbeidsoppgåver
- Uføre reinhald og vedlikehald.
- Reingjere ulike overflater som golv, vegger, himlingar etter avtale, og etter dei krav som blir stilt til reinhaldet.
- Bruke metoder, maskiner, utstyr og reingjeringsmidlar etter reinhaldet sitt behov, og vurdere dette opp mot kostnadseffektivitet, tidsbruk, ergonomi og miljøbelastning.
- Vedlikehaldsbehandle ulike overflater og inventar.
- Bruke digital programvarer til å dokumentere eige arbeid og rapportere om feil og manglar i bygningen.
- Utføre serviceoppgåver som å tømme søppel, etterfylle såpe, papir og handdesinfeksjon.
Kvalifikasjonar
- Gjerne fagbrev innan reinhald, men ufaglærte kan også søkje.
- Gjerne erfaring frå reinhald
- Me søkjer etter ein medarbeidar som har evne til å arbeide sjølvstendig og fleksibelt.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar bør ha førarkort
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- er strukturert og endringsvillig
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen kan hjelpe til med bustad
- Vang kommune nyttar nynorsk som målform
- Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
- Ved intern tilsetting kan det bli andre ledige stillingar å tilby søkjarane
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!